KOMMENTAR 21.8.24: Utenriksminister Espen Barth Eide drøftet krigene i Ukraina og Gaza under «Global Outlook – Seeing the world as it is» på Arendalsuka. I motsetning til Gaza-krigen syntes Barth Eide ikke det var nødvendig å ta opp bakenforliggende årsaker til Ukraina-krigen, i følge artikkelforfatteren.
Av Einar Oltedal, publisert 21.8.24
Mandag 12. august var vår utanriksminister Espen Barth Eide første innleiar på «Global Outlook – Seeing the world as it is» . Arrangøren av Arendalsveka skriv som innleiing til Global Outlook at ein skal ta opp grunnleggjande årsaker (root causes) til dei mange krisene ein ser i verda i dag.
Barth Eide tok opp Ukraina-krigen og konflikten i Israel. Men han drøfta desse konfliktane på svært ulik måte. Tilhøvet mellom Israel og Palestina kalla han ein konflikt der han analyserte dei historiske røtene. Men tilhøvet mellom Russland og Ukraina kalla han ikkje eingong ein konflikt. Her var det bare tale om at eit land Russland gjekk til åtak på grannelandet Ukraina.
Han ga tydeleg uttrykk for at det ikkje var nødvendig å drøfte årsakene til at Russland invaderte Ukraina. Han synda derfor mot det grunnleggjande prinsippet for Global Outlook.
Skal vi kunne sjå denne konflikten «slik den er», er det klokt å vende seg til uavhengige ekspertar. Med uavhengig meiner eg då historikarar og politikarar som har vist distanse til NATO, Washington, Kreml og Kiev. Det finns ei rekke slike, frå vår eigen Glenn Diesen til amerikanaren Jeffrey Sachs. Dei er samde om at den russiske invasjonen langt på veg blei provosert fram av NATO og USA.
Under heile Den kalde krigen hadde NATO sett på Sovjet som sin argaste fiende. Etter samanbrotet av Sovjetunionen var Russland svakt og svært sårbart når det gjeld sikkerheit. Å få NATO opp mot grensene sine blei av Russland oppfatta som ei blodrød linje. Og Vesten lova ikkje å utvide NATO «ein tomme mot aust». Likvel gjekk Vesten utan vidare bort frå lovnadane. Russland blei nekta medlemsskap i NATO, medan alle landa rundt Russland skulle få bli medlem. Systematisk å slik true sikkerheita til eit land er eit klart brot på Folkeretten.
I 2015 vart Minsk II avtalen vedtatt i Tryggingsrådet. Denne skulle m.a. få slutt på borgarkrigstilstanden i Ukraina. Men avtalen blei sabotert av Vesten og Ukraina, slik at Ukraina skulle få tid til å bygge opp hæren sin. Å sabotere eit vedtak i Tryggingsrådet er også eit klart brot på Folkeretten.
Kvifor var ikkje Barth Eide interessert i å ta opp årsakene til Ukraina-krigen? Han viste tydeleg at han ikkje er i stand til «å sjå verda slik ho er».
Kommentarer, ris eller ros ? Gå til vår facebook-side eller send til post@argumentagder.no
Comments