top of page
Forfatterens bildeArgument

Det handlar om sikkerheit


KOMMENTAR 15.1.25: Det er sjokkerande å lese analysen av Ukraina-krigen frå vår tidlegare forsvarssjef Sverre Diesen i DN 26. desember, meiner forfattaren. Ukraina-krigen har utspring i ein konflikt om sikkerheit, også Russlands sikkerheit. Meir krig er ikkje løysinga på dette.


Illustrasjon: T. Vestaas
Illustrasjon: T. Vestaas

Av Einar Oltedal, publisert 13.01.25


Det er sjokkerande å lese analysen av Ukraina-krigen frå vår tidlegare forsvarssjef Sverre Diesen i DN 26. desember. Vesten har mista ein historisk sjanse til å påføre Russland eit avgjerande strategisk nederlag fordi Vesten gjekk inn i Ukraina med for lite og for seint. Eit slikt nederlag for Putin ville vere ei investering i vår eiga sikkerheit, hevdar han. Diesen nektar å sjå det som 80% av landa i verda ser, at krigen har utspring i ein konflikt om sikkerheit. Det viktigaste i FN-charteret er å unngå krig. Ein føresetnad for dette er at alle land skal ha sikkerheit, til og med Russland.


Ein nøkkel til å forstå kvifor Russland invaderte i 2022 er NATO og USAs politikk på 90-talet. Etter at Sovjetunionen gjekk i oppløysing i 1991 skulle alle landa i Aust-Europa få sin sikkerheit i NATO, men med eitt viktig unntak, Russland. Dette var oppskrifta for å provosere fram invasjonen i 2022. Ein som har analysert dette grundig er Scott Horton i boka si med tittel "Provoked".


I over hundre år har Europa vore sentrum for tre av dei verste krigane vår sivilisasjon har sett, med ufatteleg øydelegging og tap av mennekseliv. Det er denne krigskulturen Diesen vil ha meir av. Men som militæranalytikar bør han jo forstå at dette ville har ført til endå meir destruksjon og tap av menneskeliv i Ukraina. Han kan jo ikkje nekte for at Russland ser på Ukrainsk NATO- medlemskap som ein eksistensiell trussel.


Om ein studerer krigane i Europe frå 1914 fram til i dag, så ser ein sterke krefter i Vesten for nettopp å framprovosere konfliktar. Pådriverane har først og fremst vore Storbritannia og USA. Tenk på korleis Versailles-traktaten la grunnlaget for framvekst av fascisme i Tyskland. USA starta Den kalde krigen i 1945 med sin provoserande atompolitikk overfor Sovjet. Eit par veker etter Hiroshima/Nagasaki hadde Krigsdepartementet i USA detaljerte planar klare for korleis 66 byar i Sovjet skulle tas ut med over 200 atombomber.


Også Sovjets invasjon av Afghanistan i 1979 blei provosert fram. Zbigniew Brzezinski var rådgivar til Carter. Han anbefalte Carter om å påføre USSR "sin" Vietnamkrig, ved å bruke CIA til å ruste opp Mujahedin i kampen mot den Sovjetvennlege regjeringa i Kabul. Russerane gjorde då ein stor tabbe ved å la seg provosere til invasjon. Brzezinski fortalde seinare at han var stolt over å ha medverka til Sovjets invasjon og nederlag.


I dag har leiarane i Kreml lært leksa si: å ikkje la seg provosere. Vesten og NATO er i ferd med å gå på eit strategisk nederlag i Ukraina. Hadde ikkje militære og politiske leiarar i Vesten vore så forblinda i sin russofobi, så ville dei kunne sjå det som er opplagt for dei fleste, at for russerane er Ukrainsk Nato-medlemskap ein eksistensiell trussel. Derfor kan dei ikkje tape denne krigen.


Dette er et leserinnlegg som formidler forfatterens mening



Kommentarer, ris eller ros ? Gå til vår facebook-side eller send til post@argumentagder.no


Comments


bottom of page