top of page
Forfatterens bildeArgument

Eit eventyr om Christian den fyrrige og møyane i Ny-Hellesund

Satire 10.11.2022: Ei satirisk soge om bymannen Christian den fyrrige, og korleis det gjekk med han på friarferd i Søgne


Illustrasjon "Møyane i Ny Hellesund", foto Vidar Ertzeid

Av Vidar Ertzeid, publisert 10.11.2022


Det var ein gong to stolte, rike og sjølvstendige tvillingmøyar frå Ny-Hellesund i sognet Søgne.

Dei hadde alt dei kunne ønskje seg, med store landeigedomar og pengar på bok i Søgne og Greipstads sparebank. Dei levde eit lykkeleg liv med familie og mange vener rundt seg.

Det hadde rett nok vore ein del beilarar opp gjennom åra, men aldri nokon gong som hadde fått møyane til å falle for freistinga og stifte bo.


Ein dag kom småkongen Christian den Fyrrige frå byen for å vitje møyane. Han hadde høyrd rykte om deira venleik og rikdom, og ville gjøre sine hoser grøne. Han lokka med gull og diamantar, fine byklede og hattar, og lova til og med svømmebasseng med stupetårn i hagen til møyane.


Nå hadde det seg slik at Christian hadde eit litt dårleg rykte på seg. Det blei sagt at han også var på frierferd til andre bygdemøyar, og rykte skal ein slett ikkje ta lett på. Hellesundsmøyane blei sjølvsagt betatt av både gull og glitter, fine kjolar og byhattar, og lot seg sanneleg freiste meir og meir av både det eine og det andre.


Etter det som blir fortald, ville også Christian byggje eit nytt stort hus til møyane i byen, med parkering i kjellaren, bil med privatsjåfør, stort tenarskap og eige teater. Det fulgte også med eigarskap til ein gamal ombygd sementtank for havre og rug på Tangen, der møyane kanskje kunne få høve til å sjå måleri heilt ifrå Amerika og til og med frå Afrika og Cayman Island.

Hoffet til Christian freista i tillegg med fine ord om ein robust medgift, som møyane skulle få i form av både eigedom, eigarskap og deleigarskap i byen. I tillegg lova byhoffet nye kårboligar til gamle folk, samtalehjelp for dei som trong det og rikeleg med fiffig bykultur.

Til gjengjeld, måtte møyane avstå dei rike landeigedomar til familien, fiskeri og dyrka mark og gi frå seg råderetten over formuen sin.


Nå hadde det seg slik, at Christian og hoffet hans, i mange år hadde levd over evne. Han hadde slett ikkje så mykje pengar og jordisk gods som møyane blei fortalt. Dette hadde familien til tvillingane funne ut i eit hemmeleg og bortgjemt brev om småkongen, som var sendt til Christians hoff frå kongen i Christiania. Då brevet vart funne i kommodeskuffa til byfuten, fortalte det at Christian rett og slett brukte meir pengar enn det borgarane i byen betalte i avlat. Han hadde også stor gjeld til kongen i Christiania.

I byen stod det heller ikkje bra til med dei gamle. Dei blei flytta rundtforbi til forskjellige kårboligar i utkantane og trivst slett ikkje der. I tillegg mangla det også på gode lærestader for borna i byen.

Christians by var faktisk nesten heilt nede på raudelista til kongen, og der var det ingen som ønskja å vere.


Møyane i Ny-Hellesund tenkte seg om både lenge og vel. Dei rådførte seg med familie, vener og granner i både aust og vest, for det var eit vanskeleg val å ta. Men så ein dag, kom det fram strengt hemmelege opplysningar om Christian, som gjorde at valet vart enkelt for Hellesundsmøyane.

Det hadde seg slik at nokre av by-motstandarane i Søgne, hadde fått god kontakt med enkelte i hoffet til Christian. Der fekk dei opplyst i eit E-brev - dokument, at heile Christians by måtte gravast opp, gate for gate, for å leggje ned nye røyr og dike til vaske- og toilettvatnet til byen. Vatnet skulle så til i ein reinsetank på Odderheia. Dette hadde Christian slettes ikkje råd til, og han hadde eigentleg tenkt i det skjulte å la møyane betale heile rekninga.


Da tvillingmøyane fekk greie på dette, var valet enkelt. Dei ga klar beskjed til den fyrrige småkongen om at ekteskap ikkje kom på tale, og at dei heller ville bli verande sjølvstendige og bestemme over eige hus, framtid og formue.

Dette var songningane i Søgne samde om, og bestemte at på denne dagen, kvart år, skulle det flaggast i heile sognet. Dagen skulle heite Søgnedagen.


Og snipp, snapp, snute, så var eventyret ute for denne gong. (Men det kjem ein oppføljar om korleis det gikk med Christian).



Kommentarer? Gå til vår Facebookside eller send til pos@argumentagder.no


Comentarios


bottom of page